fredag, april 20

Utsikten

Her er utsikten frå to av romma i 3.etasje. Dei er retta mot kvar si side og har difor forskjelleg fokus. Kva utsikt som er finast skal ikkje eg døma, det får kvar og ein grunda på sjølv. Men eg vil iallefall presisera at det no er bevist at alle sider har fjorden i siktet.

fredag, april 13

Riving!

Det er på nytt rive på Fjellheim, men denne gongen er det ikkje bygningsmasse, men stilas. Denne prosessen vart heldigvis fanga på film, som de ser her.




Inngang til hyblane på venstre side, opp mot vegen(Mellomveien)

Oppe i 3.etg. er hyblane godt på veg mot ferdigstilling. Slik ser det ut når du kjem inn i gangen:



Her er nokre bilder av innsida av ein hybel.






Til slutt eit bilete av auditoriet.

lørdag, april 7

No i påsketider

Ved enden av mars hadde me kome over 500.000-grensa. 515.000 kroner stod på konto. Det betyr at han auka med drygt tjue tusen i heile mars. I slutten av september hadde me 155.000, det er eit halvt år sidan. Me har 5 månadar igjen før me har nådd målet på 1 mill.


Om du vil påvirka prognosen, kan du bidra med "ti om dagen" (sjå tidlegare innlegg) eller gjera eit eller anna i forhold til kontonr: 0539 37 12831

Følgere