fredag, september 21

Innvielse

Søndag 26. august var det innvielse av nybygget på Fjellheim, og nå han ein seia at byggverket er klart til bruk.

Innsamlinga er òg nærast ferdig, men det manglar litt enno. Til no er det kome inn 702.300 kroner. Difor vil me minna om at det er mogleg å gje gåver med skattefrådrag heilt fram til nyttår. Om du er interessert i det, trykk her!

Kontonummer er framleis 8220 02 90131

Takk for det de har bidrege med!

Bildene nedanfor er frå innvielseshelga




søndag, august 12

Siste innspurt

No er det ikkje lenge att av innsamlingsaksjonen. 31.august er sett som avslutning, og det er ein fredag. No er det kome inn 635.000 kroner, og det betyr at me manglar 365-tusen. 365 er eit fint tal, men fører tankane våre bort frå innsamlinga og over på eit anna tema, nemleg "solrytmen". Me skal ikkje føra dei tankane vidare, og let dei difor fara. Når me no er tilbake til vår fyrste tanke, så reknar me med det skal ordna seg desse siste tre vekene, iallefall tenkjer dei mest positive slik.

Elles så kan ein nemna at det er høve til å gje skattefrie gåver heilt til jul og ei veke til. De får berre leita litt på bloggen så finn de framgangsmåten.



Her er ei lita grafisk framstilling av innsamlinga:

Heilt på tampen av denne posten kjem eit lite spørsmål:

Kva kontonummer skal ein bruke?

Det er jo eit veldig ope spørsmål, og me treng mykje fantasi for å få eit dekkjande svar. Ver snill og bidra.

onsdag, august 8

Bilder i august

No er det endeleg teke nye bilete av bygget, og det ser fint ut. Når det gjeld ei oppdatering på innsamla midler, så er ho ikkje langt unna.
Me gler oss til innviingshelga 25. og 26. august, då er alle hjarteleg velkomne. Då står sofaane på plass...























onsdag, juli 4

Vekesgamle bilete, verd å sjå på.

Dette vart gjort 29.juni, reknar med bileta vart tekne med litt mellomrom i tid. Om nokon er i Tromsø og kan ta nokre bilete og koma med kommentarar set me pris på det. Eg kan lova den som bidreg får namnet sitt på bloggen om det er ynskjeleg. Gudny Norheim har teke desse bileta:







Sommar og 2 månadar att

No er det varmt i nord og juli månad. For eit par dagar sidan var det kome inn 595.000 kroner på innsamlingskontoen, det er ein auke på 30.000 siste tretti døgn.

Kontonummer er: 0539.37.12831

Det er mogleg med skattefri gåve.

fredag, juni 22

17 dagar att.

Her kjem eit lass med bilder teke onsdag 20. juni. Då var det 19 dagar til overtakinga 9. juli. No er det 17 dagar att. Bileta er ordna på ein måte. Roleg opning med ein studie av sundet med Fløya(eller noko i den duren) i bakgrunnen. Så kjem ein del bilete frå hybelavdelinga, før alt vert avslutta med innsyn på bakkenivå.













Følgere