tirsdag, desember 19

Støyping av golv.

Bildet er teke Tirsdag 19. desember rett over middag. Det er kome litt snø sidan sist.

Utsikt inn i auditoriet, golvet er akkurat lagt.

Innsikt frå inngangspartiet. Toaletter, kjøkken og til høgre ei trapp.

På toppen av trappa...


Utsikt ned mot inngang og nystøypt golv i auditoriet.

mandag, desember 11

Vinterbilete frå nord.

Her kjem ein ny ladning bilder, frå litt forskjellige vinklar denne gongen. Bilda er tekne mandag 1230. Stemninga er god. Som ein kan sjå er alle elementa på plass, håpar eg. Og ut i frå framdriftsplanen skal taket på plass fram mot jul.




Her er ein bil med sement i, sementbil.




mandag, desember 4

Innsamla pr. 30. november

Bankkontoen ved overgang til desember viste 195.000 kroner. Dette gjev eit snitt på 20.000 kroner siste to månader. Det er 9 måneder til 31. august, og tida går fort.


Alle vert oppfordra til å melda seg på "ti om dagen":
Hva: Gi 10,- kr pr dag
Mål: 1 000 000,- kr
Hvordan: Send ditt mobilnummer på SMS til 97 69 66 87 og du vil motta enpåminnelse ved slutten av hver måned om å overføre 300,- kr tilvår konto, selve kontonummeret og en oppdatering om hvordan detgår med innsamlingen.
Varighet: Til 31. August 2007.
KONTONR.: 0539 37 12831
Dette kontonummeret kan brukast uansett, om du vil gje "ti om dagen", "hundre..." eller "femti i ny og ne"

torsdag, november 30

Ein grå koloss.

Slik ser det ut.


Biletet er teke frå tekjøkkenet i andre etasje. Om de ser nøye etter, så oppdagar de at den blå og oransje saken hadde eit godt år i fjor. Den setningen var ei slags gåte. Den som finn ut kva som vert meint må skriva ein komentar. Premien er eit gratis glas med saft på Fjellheim. I tillegg vert det oppmoda om å melda seg på "ti om dagen". Det kan de lesa om i ein tidlegare post.



Eit bilete frå ein uvant vinkel?


Eg ser at gåta kan vera vanskeleg å tyda, det viser meir tydeleg på dette bilete.

torsdag, november 23

Kranbil og andre store ting.

Elementa er i gang med å setjast opp. Det fyrste bildet er frå tirsdag 21. november, då kom elementa. Det andre bildet er veldig ferskt, teke ein time før dette vert skrive, torsdag 23. november klokka 1300.



No er det mørketid, det vil seia at alle bilder som er lyse vert tekne mellom 1030 og 1400.

tirsdag, november 21

Framdriftsplan

Her kjem oversikt over bygginga:

17. nov.: Ferdig fundament

20. nov. - 10. des.: Ytre konstruksjon

10. des - jul: Taktekking

Nyttår - 1. juni: Tømrerarbeid, lukking av bygg og tekniske installasjonar

Juni: Flikkarbeid og utomhusarbeid

Ferdig 1. juli.

I perioden 20. nov. - 10. des. må alle halda seg unna byggeplassen!
Bygget vert reist og er ikkje sikra.

mandag, november 20

Ferdig fundament.





Det er nokon som arbeider. Desse bilda vart tekne tirsdag 14. november. Mandag 20. eller tirsdag 21. kjem elementa, slik at reisinga av bygget kan ta til.

tirsdag, november 7

Innsamlingsaksjon

Innsamlingsaksjonen er i gang. Me treng 1 mill.
til 31. august 2007.
Slik ser det ut så langt:


Om du vil påvirka prognosen, kan du bidra med "ti om dagen" (sjå tidlegare innlegg) eller gjera eit eller anna i forhold til kontonr: 0539 37 12831




Ein gong i framtida

Fjellheim vil sjå slik ut, det håpar me.

Kokkeboligen er vekk

5.september vart det rive. Her ser de korleis det såg ut:



Den 21.september såg det slik ut:

fredag, oktober 13

Nybygg i Tromsø



Det reisast nytt forsamlingsbygg til Fjellheim misjonsforening.


10 om dagen
Bli med på vår innsamlingsaksjon for å få inn midler til å bygge
nytt auditorium/møtesal og hybler på Fjellheim Bibelskole i Tromsø.


Hva: Gi 10,- kr pr dag
Mål: 1 000 000,- kr
Hvordan: Send ditt mobilnummer på SMS til 97 69 66 87 og du vil motta en
påminnelse ved slutten av hver måned om å overføre 300,- kr til
vår konto, selve kontonummeret og en oppdatering om hvordan det
går med innsamlingen.
Varighet: Til 31. August 2007.

KONTONR.: 0539 37 12831




EN TANKE:
100 personer gir 10 kr hver dag ut august 2007:
Totalt innsamlet blir da 450.000,-(!!!!!!!!)

Få med venner og kjente så gjør vi en innsats for VÅRT FJELLHEIM!

Følgere