torsdag, februar 15

Sol, fint og kortkurs


To veker har gått, og tredje veke med kortkurs på Fjellheim er snart fullført. Eg trur det går godt, men det er fullt. Difor er det veldig lurt at me allereie er i gang med å laga plass for fleire.
Sist veke vart det feira at bygget var tetta, vellukka. Då var det gjort.
Her kjem bilete frå den innvendige byggeprosessen. Frå relativt kjente vinklar...


Her ser me at det er eit veldig nyleg støypt golv. Fekk føling med at det kanskje var ulovleg tidleg å gå inn for å ta bilete av det. Og som mange før meg har gjort i liknande situasjonar ber eg om tilgivelse for å ikkje ha fått tillatelse.
"Sement sit godt fast i joggesko, difor må me passa på kor me trør." (sitat: far)

lørdag, februar 3

Snart halvvegs

Nå er det samla inn 467 000 norske kroner. Siste månad har det kome 75 000 fleire inn på konto. Det er flott, men det ser ut til at me er avhengige av minst like store tilskudd dei siste månadane for å nå målet vårt.

Følgere