lørdag, februar 3

Snart halvvegs

Nå er det samla inn 467 000 norske kroner. Siste månad har det kome 75 000 fleire inn på konto. Det er flott, men det ser ut til at me er avhengige av minst like store tilskudd dei siste månadane for å nå målet vårt.

8 kommentarer:

Drusa og dei sa...

Kanskje det trengst idèar til måtar å få inn pengar på, viss ikkje lommebøkene opnar seg endå meir rundt omkring? Denne sida kan jo vera som ein idèbank?
1. idè: Fotografèr utsikta frå Fjellheim og sel biletet med ramma(?) til ein viss (god)pris.

Anonym sa...

Bra intiativ av Drusa og dei.
2.idè: Ka med et Nybygget-løp(misjonsløp), der me skaffe sponsorer og springe te inntekt for nybygget. Vett ikkje om Fjellheim-elevane har tenkt å ha någe sånt på våren ein gong, te inntekt for misjonsprosjektet. Men det går vel kanskje an med 2 løp(bare spre de litt)??

Islandur sa...

3. idé: Spela musikk på eit kjøpesenter..? Me fekk 5000 av Kvadrat rett før jul til russeprosjektet.. ;)

Drusa og dei sa...

Flott med idéar! Litt praktisk vanskeleg for oss her sørpå med den springinga rundt Fjellheim, men me kan vel springa rundt her på Jæren!?
4. idé: Steikja vaflar og selja til folk som er ute og handlar på laurdag. (Er det lov, forresten?)

Anonym sa...

Dåkke må bare springa rundt på Jæren, eller dåkke kan vera sponsorar te folk her oppe. Eg tar gjerne imot sponsorar=)(viss det blir løp).
Ser titt og ofta folk som selge vafler i byn, så det må jo vera lov.

Anonym sa...

JA vi er takknemlige til alle gode ideer.
Gleder meg til å se på Jofrid når hun skal løpe rundt fjellheim. Kan godt sponsa litt.Da har du en sikker.
Men det ser ut til at du klarer å skaffe nok sponsorer allerede, eller hva Jofrid?

Drusa og dei sa...

Er det nokon som kan ta ideen med spelinga? Den har eg tru på! Viss du ikkje kan spela piano, kan du kanskje spela eit anna instrument eller syngja for den del.

Islandur sa...

Eg er redd utbyttet hadde vorte heller lite dersom eg skulle byrja å laga lyd med brødkverna.. :S Men piano kan vera gildt. Skulle kanskje høyrt med leiinga på Kvadrat e.l. om eg fekk sitja der ein liten time ein ettermiddag.. Det koret dykkar kunne jo vore med og sunge, eller? ;)

Følgere