onsdag, mars 28

Vårstemning

No er våren her og der. På Jæren luktar det ku-møk, og det er på Jæren forfattaren sit og har lite oversikt over korleis det går i Tromsø. Heldigvis er Gudny Norheim på sin post på Fjellheim, og ho har teke ein del bilete av framgangen i nybygget. Det er framgang, det ser eg. Dei fleste av fotografia er henta frå øvre etasje, der det tydeleg er endringar. Men eg ser òg at ting skjer på bakkenivå.

Eg gjev hint om kvart av bileta, så får kvar og ein sjølv tyda kor det skal plasserast i geografien.
Hint: "kjøkkenhybel"
H: "hall nede"
H: "to hyblar"
H: "handikapdo"
H: "hybelrom"

H: "møtesal"
H: "hybel"

torsdag, mars 22

Skattefrie gåver frå no av.

No er det ordna slik at me kan få skattefritak for gåver me gjev til nybygget. Det finst ein framgangsmåte for å lukkast i denne oppgåva. Den er beskriven på heimesida til Fjellheim bibelskole. TRYKK PÅ LINKEN! (Nb! bokmål)

Om du ikkje forstår kva linken betyr, så kan eg seia det at i dette tilfellet er det slik at overskrifta til denne posten er ein link, ein slags inngang, til ei side som seier mykje om korleis ein kan gje gåver som fører til fritak av ein del skatt til stat og kommune. Trykk altså på overskrifta: Skattefrie gåver frå no av (ikkje denne, det er ikkje ei overskrift)

onsdag, mars 14

Innramming av hyblar

Desse tre fyrste bileta vart tekne mandag 6. mars. Det som kan sjåast er rammene til hyblane i 3. etasje. Ein får bruka litt fantasi, då kan ein kanskje sjå litt korleis det skal verta. Kvar hybel har inngang, bad og eit opphaldsrom med kjøkkenkrok. 9 hyblar totalt, dei fleste på 18 kvadratmeter, men ein hybel er meint for bustad for to menneske. To personar treng litt meir rom...
Er det nokon forslag på kor stor plass ein slik hybel tek?





Her vert baderomsveggane til 2. hybel på høgre sida ordna.

Desse to siste bileta er frå mandag 13. mars. Fotograf er Gudny Norheim. Ho har då valt seg ut to oversiktsbilete. Eit av hyblane i øvre etasje, med utsikt mot inngangsdøra, og eit av "hemsen". Takk for det, kjøkkenleder.


lørdag, mars 3

Halvgjort


Ved utgangen av februar stod det 494000 kroner på innsamlingskontoen. Det vil seie at 27000 har kome inn dei siste 4 vekene. Prognosen som bygger på 79100 kroner inn kvar månad er no under millionen. Me har att eit halvt år og er snart halvvegs til målet.

fredag, mars 2

Bo i nord

Nok ein ny månad, og eit halvt år til innsamlingsaksjonen vert avslutta. Veret har vore fint og kaldt den siste tida, og på Fjellheim er berre Gudny (kokkekvinne) og Mette (kontorfullmektig) att. Dei andre har stort sett reist til varmen i sør: http://www.fjellheimbibelskole.no/page.php?mtid=12&elid=81
Det biletet som er vist her er det einaste brukbare av dei som vart tekne 28. februar. Det er òg det einaste som vart teke av Mette Tøsse.

Resten vart fanga av forfattaren, men funne lite eigna for offentleggjering. Likevel er dei lagra slik at interesserte kan få sjå korleis nybygget kan oppfattast utan blitzz. Er du ein av dei? Då må du ta kontakt.

Det går rykter om at byggeprosessen går etter planen.

Følgere