onsdag, mars 14

Innramming av hyblar

Desse tre fyrste bileta vart tekne mandag 6. mars. Det som kan sjåast er rammene til hyblane i 3. etasje. Ein får bruka litt fantasi, då kan ein kanskje sjå litt korleis det skal verta. Kvar hybel har inngang, bad og eit opphaldsrom med kjøkkenkrok. 9 hyblar totalt, dei fleste på 18 kvadratmeter, men ein hybel er meint for bustad for to menneske. To personar treng litt meir rom...
Er det nokon forslag på kor stor plass ein slik hybel tek?





Her vert baderomsveggane til 2. hybel på høgre sida ordna.

Desse to siste bileta er frå mandag 13. mars. Fotograf er Gudny Norheim. Ho har då valt seg ut to oversiktsbilete. Eit av hyblane i øvre etasje, med utsikt mot inngangsdøra, og eit av "hemsen". Takk for det, kjøkkenleder.


6 kommentarer:

Islandur sa...

Skulle fortsatt ynskt eg visste kven Gudny var, og kvar/kvatid ho har truffe meg før..? Eg fekk høyra idag at ho stamma frå Flekkerøya, så då har me kanskje truffest på Evjetun eller liknande?

Ka veit vel æ?

Men uansitt- Vert det kun bygde hyblar i nybygget, og ikkje enkle "internatrom"?

Og- finns einerom/dublettar i "gamlebygget", eller er det berre dobbeltrom?

Tarjei sa...

Javel, Islandur. Ditt forhold til Gudny vil eg ikkje gå inn på, men rom kan eg godt snakka om. I nybygget vil alle romma ha bad og kjøkkenkrok, slik har eg opplevd det. I det gamle bygget har ein litt av kvart. For å få full oversikt ville eg sendt ein mail til fjellheim@nlm.no.

Anonym sa...

Hei islandur!
Det stemmer vi har vært på evjetun sammen. Men det er nå noen år siden. Husker deg av en eller annen grunn. Vet ikke helt hvorfor. Men gleder meg i alle fall til å bli kjendt med deg.

Tarjei sa...

Har nokon merka noko feil i bloggen? I denne posten er det to tydelege feil. Kven oppdagar det fyrst?

Anonym sa...

Det va jo lett. Du har rett og slett bare låge ein dag fortidlig. Det kan jo vera greit av og te, så lenge ein ikkje har dårleg tid. For å vera heilt klar: Det sko stått mandag 5. og 12. mars(rekne med det e datoen du har tatt feil på og ikkje dagen). Ka e premien?

Tarjei sa...

Premien er gode ord og eit klapp på skuldera.

Følgere