fredag, mars 2

Bo i nord

Nok ein ny månad, og eit halvt år til innsamlingsaksjonen vert avslutta. Veret har vore fint og kaldt den siste tida, og på Fjellheim er berre Gudny (kokkekvinne) og Mette (kontorfullmektig) att. Dei andre har stort sett reist til varmen i sør: http://www.fjellheimbibelskole.no/page.php?mtid=12&elid=81
Det biletet som er vist her er det einaste brukbare av dei som vart tekne 28. februar. Det er òg det einaste som vart teke av Mette Tøsse.

Resten vart fanga av forfattaren, men funne lite eigna for offentleggjering. Likevel er dei lagra slik at interesserte kan få sjå korleis nybygget kan oppfattast utan blitzz. Er du ein av dei? Då må du ta kontakt.

Det går rykter om at byggeprosessen går etter planen.

5 kommentarer:

Islandur sa...

Kor stort er sannsynet for at eg får bu i nybygget til hausten? Svar i prosent, eg likar ikkje brøk.

Tarjei sa...

Det må du spørja administrasjonen på Fjellheim om. Slike saker er ekstremt hemmelege her oppe.
Men om eg skal tippa, vil eg halda det for meg sjølv. I frykt for å seia noko feil.

Anonym sa...

Hei islanddur!
Jeg kan svare i prosent. ca 50. Ingen ting av det blir avgjort før i begynnelsen av august. MEN det er fult lov å komme med ønsker. Da må du som "bob" sier snakke med administrasjonen. Gleder meg forresten til å treffe deg igjen..

Anonym sa...

Personlig synes jeg Islandur skal få det rommet han selv ønsker aller mest, siden han er så aktiv på disse bloggesidene! stao pao! Velkommen nord!

Islandur sa...

Og sidan han faktisk er med og finansierer bygget..! Eg vonar "anonym" er tilsett i administrajsonen ;)

Følgere