torsdag, februar 15

Sol, fint og kortkurs


To veker har gått, og tredje veke med kortkurs på Fjellheim er snart fullført. Eg trur det går godt, men det er fullt. Difor er det veldig lurt at me allereie er i gang med å laga plass for fleire.
Sist veke vart det feira at bygget var tetta, vellukka. Då var det gjort.
Her kjem bilete frå den innvendige byggeprosessen. Frå relativt kjente vinklar...


Her ser me at det er eit veldig nyleg støypt golv. Fekk føling med at det kanskje var ulovleg tidleg å gå inn for å ta bilete av det. Og som mange før meg har gjort i liknande situasjonar ber eg om tilgivelse for å ikkje ha fått tillatelse.
"Sement sit godt fast i joggesko, difor må me passa på kor me trør." (sitat: far)

4 kommentarer:

Drusa og dei sa...

Å, so fint! Kjenner at eg får veldig lyst på kortkurs neste vinter.
Godt at du tek med deg visdomsord frå barndomsheimen!

Islandur sa...

... men har me lov å skriva ".. relativt kjente vinklar..."? Skal det ikkje vera "kjende"? Eg berre lurer, altså.

Eg, derimot, kjenner at eg får veldig lyst på langkurs med Boliviatur til hausten ^^

Tarjei sa...

Der tok du meg nesten. Har eit lite gjennomtenkt forhold til mange av dei norske orda. Men eg trur eg vart redda av ei klammeform. Du får sjekka opp om du er einig.

Islandur sa...

Hmm.. Jo, eg må vel godta den. Men eg er ålikevel motstandar av klammeformene. I allefall dei liberale. Men eg meiner det anten bør vera lov eller ikkje lov. Hadde vore morosamt med klamme-fartsgrenser..

Følgere