søndag, august 12

Siste innspurt

No er det ikkje lenge att av innsamlingsaksjonen. 31.august er sett som avslutning, og det er ein fredag. No er det kome inn 635.000 kroner, og det betyr at me manglar 365-tusen. 365 er eit fint tal, men fører tankane våre bort frå innsamlinga og over på eit anna tema, nemleg "solrytmen". Me skal ikkje føra dei tankane vidare, og let dei difor fara. Når me no er tilbake til vår fyrste tanke, så reknar me med det skal ordna seg desse siste tre vekene, iallefall tenkjer dei mest positive slik.

Elles så kan ein nemna at det er høve til å gje skattefrie gåver heilt til jul og ei veke til. De får berre leita litt på bloggen så finn de framgangsmåten.



Her er ei lita grafisk framstilling av innsamlinga:

Heilt på tampen av denne posten kjem eit lite spørsmål:

Kva kontonummer skal ein bruke?

Det er jo eit veldig ope spørsmål, og me treng mykje fantasi for å få eit dekkjande svar. Ver snill og bidra.

onsdag, august 8

Bilder i august

No er det endeleg teke nye bilete av bygget, og det ser fint ut. Når det gjeld ei oppdatering på innsamla midler, så er ho ikkje langt unna.
Me gler oss til innviingshelga 25. og 26. august, då er alle hjarteleg velkomne. Då står sofaane på plass...























Følgere