torsdag, november 30

Ein grå koloss.

Slik ser det ut.


Biletet er teke frå tekjøkkenet i andre etasje. Om de ser nøye etter, så oppdagar de at den blå og oransje saken hadde eit godt år i fjor. Den setningen var ei slags gåte. Den som finn ut kva som vert meint må skriva ein komentar. Premien er eit gratis glas med saft på Fjellheim. I tillegg vert det oppmoda om å melda seg på "ti om dagen". Det kan de lesa om i ein tidlegare post.



Eit bilete frå ein uvant vinkel?


Eg ser at gåta kan vera vanskeleg å tyda, det viser meir tydeleg på dette bilete.

torsdag, november 23

Kranbil og andre store ting.

Elementa er i gang med å setjast opp. Det fyrste bildet er frå tirsdag 21. november, då kom elementa. Det andre bildet er veldig ferskt, teke ein time før dette vert skrive, torsdag 23. november klokka 1300.



No er det mørketid, det vil seia at alle bilder som er lyse vert tekne mellom 1030 og 1400.

tirsdag, november 21

Framdriftsplan

Her kjem oversikt over bygginga:

17. nov.: Ferdig fundament

20. nov. - 10. des.: Ytre konstruksjon

10. des - jul: Taktekking

Nyttår - 1. juni: Tømrerarbeid, lukking av bygg og tekniske installasjonar

Juni: Flikkarbeid og utomhusarbeid

Ferdig 1. juli.

I perioden 20. nov. - 10. des. må alle halda seg unna byggeplassen!
Bygget vert reist og er ikkje sikra.

mandag, november 20

Ferdig fundament.





Det er nokon som arbeider. Desse bilda vart tekne tirsdag 14. november. Mandag 20. eller tirsdag 21. kjem elementa, slik at reisinga av bygget kan ta til.

tirsdag, november 7

Innsamlingsaksjon

Innsamlingsaksjonen er i gang. Me treng 1 mill.
til 31. august 2007.
Slik ser det ut så langt:


Om du vil påvirka prognosen, kan du bidra med "ti om dagen" (sjå tidlegare innlegg) eller gjera eit eller anna i forhold til kontonr: 0539 37 12831




Ein gong i framtida

Fjellheim vil sjå slik ut, det håpar me.

Kokkeboligen er vekk

5.september vart det rive. Her ser de korleis det såg ut:



Den 21.september såg det slik ut:

Følgere