søndag, august 12

Siste innspurt

No er det ikkje lenge att av innsamlingsaksjonen. 31.august er sett som avslutning, og det er ein fredag. No er det kome inn 635.000 kroner, og det betyr at me manglar 365-tusen. 365 er eit fint tal, men fører tankane våre bort frå innsamlinga og over på eit anna tema, nemleg "solrytmen". Me skal ikkje føra dei tankane vidare, og let dei difor fara. Når me no er tilbake til vår fyrste tanke, så reknar me med det skal ordna seg desse siste tre vekene, iallefall tenkjer dei mest positive slik.

Elles så kan ein nemna at det er høve til å gje skattefrie gåver heilt til jul og ei veke til. De får berre leita litt på bloggen så finn de framgangsmåten.



Her er ei lita grafisk framstilling av innsamlinga:

Heilt på tampen av denne posten kjem eit lite spørsmål:

Kva kontonummer skal ein bruke?

Det er jo eit veldig ope spørsmål, og me treng mykje fantasi for å få eit dekkjande svar. Ver snill og bidra.

1 kommentar:

Anonym sa...

Mitt bidrag:

Kontonummeret består av 11 siffer, som dei fleste andre.
Eg tenke me begynne frå starten og arbeide oss igjennom.

Siffer 1: Det du helst har lyst å svara då någen spør kor mangen hol du hadde hos tannlegen.

2: Kong Harald sitt regentnummer

3: Kvadratrota av 9

4: Pluss alle talla du har fått til nå og legg til èin.

5: Antall Bukkene Bruse

6: Antall "søstre" i fjellkjede(?) du finn i Nordland

7: Utropstegn på tastaturet

8: dos, zwei, två, two....

9: Dette burde egentlig vært det siste sifferet i høyden på Gallhøgpiggen(det hadde passa best sånn)

10: Antall fingrer på ei hånd minus antall hender

11:Antall år du må ha vært gift for å feire papirbryllup


Fasiten finn du 9 rull frå toppen av bloggen(forutsetter ingen nye innlegg).
Syns du skal prøva før du sjekke fasiten. Lukke til!!!

Følgere