onsdag, januar 31

Gipsplater og kloakk

I dag har me 31. januar. Ei stund sidan siste biletserie, og det betyr heldigvis at mykje har skjedd. Utanpå ser det meste likt ut, men det er lys inne...


Bileta vart tekne 15.15 og arbeidsfolket var framleis tilstades. Like innafor døra på grunnplanet såg det slik ut:

Kjøkkenet og toalettet har utvikla seg.

På galleriet, i andre etasje virker Marcus Eriksen. Han er røyrleggjar og legg difor røyr. Kloakken og vatnrøyra reknar han med er ferdig på dette nivået denne veka. Neste veke stig han opp i tredje, til hyblane.


På toppen driv elektrikarar med kablar. Dei var ikkje tilstades når eg var innom, men har sett spor etter seg. Mangelen på arbeidsfolk gav meg mot til å bevega meg rundt om i rommet. Difor er dei to bileta, geografisk sett, tekne frå motståande posisjonar.


P.S. Når det gjeld komentarane til arbeidet på galleriet vil eg innrømma at dei inneheld visse udokumenterte påstandar. Eg veit at det hang ein del kloakkrøyr i taket, men det med vassrøyr har eg teke med fordi eg tenkte at det passa inn. Eg fekk vel, strengt tatt, berre vita at arbeidet hans på galleriet var ferdig på slutten av denne veka. Slik er situasjonen.
Difor vil eg setja pris på om forslag, til kva røyr ein røyrleggjar festar i tak, veggar og golv, vert uttrykte i ein kommentar.

5 kommentarer:

Drusa og dei sa...

Kjekt å sjå! Er det slik at dette skal står ferdig til skuleåret startar i haust? Har eg spurt om innviingsfesten før? I tilfelle har eg gløymt det.

Islandur sa...

Jau, no hev eg overført den fyrste gåva frå meg til Fjellheim. Det vart no "6,41 om dagen".

Eg kjenner på meg at 15. august nermar seg med stormsteg.

Anonym sa...

Innvielsen er 25.-26.august 2007.
Alle er velkomne!

Anonym sa...

Briten har veldig lyst te å bidra med ei kaka på innvielsesfesten og Gunnhild stille gjerna med ei krinla.
Kan forresten kim så helst sjå seg om inne i bygget?

Anonym sa...

oi oi, her va d jammen thrøkk... jillt atte d e ein egen blogg for dei så ikkje e så heldige å bu i tromsø å kan sjå byggeprosje me egne auge...

rettelse: briten e ikkje så intressert i å lage kake, og gunda stiller seg skeptisk til kringla.

jofrid derimot, seie seg villig til å diske opp me ein treretters middag... rai rai...

stå på, me gler oss te nybygge e på plass!

Følgere