tirsdag, januar 9

Nyårsbilete

Her er dei fyrste bileta teke i 2007. Alle viser yttersider, og ikkje noko invortes. Slikt er beklageleg, men mest hende dette fordi fotografen var i ein sinnstilstand der han ikkje følte for å gå inn utan hjelm, og så enda opp med eit møte med autoritetar som handmenn eller arbeidstilsyn. Me får håpa at bilete frå innsida heller kjem snarare enn seint på denne sida.

Isolasjon

Lys i øverste etasje, der arbeider det sikkert nokon.


4 kommentarer:

Drusa og dei sa...

Det var kjekt å sjå. Lurer berre på kva tid på dagen dette var? Merkar du om dagane har lengna, at det er litt lenger ljost no enn då du reiste heim til jul? Tenk så stas når sola kjem att! Det er vel ikkje så lenge til det. Me her i sør har og grunn til å gle oss til sola kjem att. Me veit ho er der, men viser seg lite og inkje.

Tarjei sa...

Desse bileta vart tekne like etter 12. No er klokka 15, og det er heilt mørkt. Relativt lyst mellom 10 og 14. Men det vert lysare og lysare, merkbart.

Drusa og dei sa...

Høyrdest godt ut! Ljos er viktig.

Islandur sa...

How I wish
I were there,
in the fresh
athmosphere.

Følgere