tirsdag, januar 2

Nytt år

Innsamla midler i slutten av desember var på 392.000 kroner. Dette må seiast å vera flott. Dette gjev eit snitt på 79.000 kroner siste tre månader. Dette gjev denne oversikta:



Forfattaren er klar over at desember var ein ekstraordinær månad, og at prognosen er veldig høg på grunn av det. Men det gjev ein peikepinn på kor mykje som må samlast inn for at me skal nå målet vårt. Omtrent 80.000 kroner kvar månad. Me treng hjelp.

Alle vert oppfordra til å melda seg på "ti om dagen".
Oppskrift for dette er lagt ut tidlegare på denne sida.

3 kommentarer:

Anonym sa...

Godt nyttår!

Islandur sa...

Gratla med strålande prognose! Og betre vert det, for eg har meldt meg på "fem om dagen". Kanskje seks?

Dessutan har eg vore innom tanken på å ta med meg trommis og eitpar blåsarar, og setja meg ved flygelet på kvadrat og krevja pengar for det, til inntekt for Fjellheim. Me gjorde det for russeprosjektet på th, med godt resultat. Ville Bob vorte glad for det, eller? ^^

Godt nyttår frå søren! :)

Tarjei sa...

Om Bob representerer innsamlingskomiteen så set han pris på alle initiativ. Nå får me inn omtrent 7 000 kvar månad på "ti om dagen". Det betyr at me må samla inn 70 000 i tillegg kvar månad for å nå målsetjinga vår. Om du samlar inn så mykje kvar månad, på sang og spel, skal me gje deg ein bukett. Takk for at du engasjerer deg.

Følgere